mini|Tidleg vassfylt leidenerflaske mini|Teikning av ei leidenerflaske frå 1914 Ei leidenflaske er eit apparat som «lagrar» statisk elektrisitet mellom to elektrodar på innsida og utsida av flaska. Apparatet vart funne opp av både den tyske presten Ewald Georg von Kleist den 11. oktober 1744 og av den nederlandske vitskapsmannen Pieter van Musschenbroek frå Leiden (Leyden) i 1745–1746, uavhengig av kvarandre.Biography, Pieter (Petrus) van Musschenbroek Oppfinninga vart kalla opp etter byen. Dette var den opphavleg utgåva av ein kondensator. Leidenflaska vart nytta til å utføre mange tidlege eksperiment innan elektrisitet, og oppdaginga var særs viktig for det vidare studiet av fagfeltet. Tidlegare måtte forskarar nytte store kondensatorar for å lagre ladning. Leidenflaska var eit langt meir kompakt alternativ.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 10. september 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kondensatorar Kategori:Energilagring Kategori:Dielektrikum Kategori:Historiske vitskaplege instrument Kategori:Nederlandske oppfinningar