Sir Roderick Impey Murchison () var ein skotsk geolog som først skildra og utforska silursystemet.
Han var direktør for Geological Survey of Great Britain frå 1855 til 1871. Undersøkingane hans over silur- og devonsystema vart avgjerande for utviklinga av stratigrafien. I 1844 oppdaga han mellom anna at sedimenta i Oslofeltet var folda og at dei høyrte til silursystemet. Denne oppdaginga sette i gang den moderne utforskinga av området.
Hovudverket hans er The Silurian System frå 1839.
Kjelder
Kategori:Skotske geologar Kategori:Presidentar i Geological Society of London Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Royal Society of Edinburgh Kategori:Medlemmar av Det kongelege irske akademiet Kategori:Medlemmar av Det prøyssiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege danske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av St. Petersburg vitskapsakademi Kategori:Æresmedlemmar av St. Petersburg vitskapsakademi Kategori:Copleymedaljen Kategori:Wollastonmedaljen Kategori:Vitskapsfolk på 1800-talet