Llyn Alaw er eit kusntig reservoar på Anglesey i Nord- Wales. Det er drikkevasskjelde for den nordlege halvdelen av øya. Reservoaret vart skapt i 1966 i eksisterande myrterreng.
Tilsigsområdet er stort sett jordbruksland og få elvar renn ut i innsjøen. Reservoaret vert stort sett fylt opp i vinterregnet, medan vassnivået fell i sommarmånadane. Reservoaret er 4,3 km lang med ei flate på 3,6 km², noko som gjer det til den største innsjøen på øya. Innsjøen er ikkje djupare enn 5,2 m.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Llyn Alaw» frå , den 4. september 2010.
Alaw, Llyn Alaw, Llyn