Loch Monzievaird er ein innsjø i Skottland i regionen Perthshire.
Historie Kong Kenneth III av Skottland vart drepen i slaget ved Monzievaird i 1005.
På nordsida av innsjøen ligg ruinane av dn gamle festninga Castle Cluggy. Dette var opphavleg heimstaden til herrane frå Ochtertyre. Festninga vart omtalt som «eldgammal» i eit dokument frå 1467. Festnina høyrte til Red Comyn, som vart drepen i 1306 av Robert the bruce i klosteret til minorittane (Greyfriars Kirk) ved Dumfries. Ein trur at Murray Baronet var den siste som budde i borga på midten av 1600-talet.
Om lag 80 meter mot vest ligg restane etter ei lita, kunstig øy, der det stod eit fengsel.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Loch Monzievaird» frå , den 31. august 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Innsjøar i Skottland Kategori:Geografi i Perth and Kinross