mini|Familiegrava til Gustav Martinsen på Nordre gravlund i Oslo med skulptur av Gustav Lærum. Gustav Martinsen () var ein norsk forretnings- og industrimann, politikar Høgre frå Drammen, der faren var handelsmann.
Martinsen arbeidde i faren sin handel i Drammen. I 1870 starta han eiga forretning i heimbyen, som han i 1873 utvida til grossisthandel. Han flytta i 1884 til Kristiania, der han saman med Ole Amundsen grunnla Bjølsen Valsemølle. Frå 1885 var han dagleg leiar for verksemda.
1900-02 var Martinsen varaordførar i Kristiania, frå 1905 var han formann i Noregs Bank sitt forstandarskap. Elles formann i Brukseiernes landsforening, Akerselvens brukseierforening og av Norsk mølleforening.
Martinsen sat to periodar på Stortinget for Høgre frå valkrinsen som omfatta byane Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger; 1901–03 og 1904–06. Han var medlem av budsjettkomiteen 1900-06 og av Lagtinget 1903-06. I 1903 var han med i Stortinget sin deputasjon til opninga av Ofotbanen, og i 1905 var han medlem av spesialkomiteen.
Martinsen vart tildelt 7. juni-medaljen, St. Olavs Orden og Dannebrogordenen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914, side 583, digital utgåve
Kategori:Norske gründerar Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Folk frå Drammen