Axel Buchardt Jensen () var ein norsk forfattar og statsstipendiat frå 1995. Frå 1957 til 2002 gav han ut ei rekkje romanar og andre bøker.
Livsløp Jensen blei fødd i Trondheim. Han debuterte på eiget forlag i Oslo i 1955, men brende heile opplaget.
I 1950-åra budde han og ektemaken, Marianne Ihlen, på den greske øya Hydra. Han var venn med den kanadiske forfattaren Leonard Cohen, som etter brotet budde i lag med Marianne på Hydra i fleire år. Det er ei utbreidd oppfatning at Jensen baserte figuren Lorenzo i romanen Joacim etter han, men han skal ha fortalt Cohen at Lorenzo var modellert etter den svenske forfattaren Göran Tunström. Tunström bodde i nabohuset på Hydra.
Jensen er omsett til tysk, engelsk, nederlandsk, fransk, italiensk, dansk og finsk. I eit par høve skreiv han manuskript på engelsk, som så blei omsett og utgjeve på norsk.
I samband med ein miljøkonferanse i Stockholm i 1972 møtte han Pratibha, som han gifta seg med i India. Dei budde en tid i Vaxholm utanfor Stockholm og kjøpte ei gammal selfangarskute som dei omdøypte til «Shanti Devi», 'Fredsgudinne', som var namnet til Pratibha si mor.Axel; fra smokken til Ovnen; storyen om Axel Jensen Biografi av Torgrim Eggen, 2019. Pratibha Jensen døydde i 2018. Etter restaurering sigla dei båten til Oslo i 1984.
Jensen var engasjert i Salman Rushdie-saka og skreiv artiklar og ytringar om den (samla i Den øredøvende stillheten) og essayet Gud leser ikke romaner.
I siste delen av livet var Jensen fysisk sterkt hemma av sjukdom. Han døydde i Ålefjær i Kristiansand kommune.
Bøker (utgjeve av Cappelen der anna ikkje er nemnt)
Romanar Dyretemmerens kors – (eige forlag 1955, supprimert av forfattaren) Ikaros – ung mann i Sahara – (1957, ny utgåve illustrert av Frans Widerberg på JM Stenersens Forlag 1999) Line – (1959, filmatisert 1961) Joacim – (1961) Epp – (1965, ny utgåve 2002) Mor India – (1974) Junior, eller Drømmen om pølsefabrikken som bibliotek – (1978) Senior – (1979) Lul – (1992) Og resten står skrivd i stjernene – (1995) Jumbo – (1998)
Anna Onalila – en liten østvestpoesi – (1974) Tago, science fiction-collage, teikningar av Per Ekholm – (1979) Jan Christian Mollestad: Trollmannen i Ålefjær (Axel Jensen om Axel Jensen) – (1993) Det kollektive eventyr, «en bok om Norge, Europa og EU», redaktør – (Aschehoug 1994) Gud leser ikke romaner (En vandring i Salman Rushdies verden), essay – (1994) Doktor Fantastisk, teikneserie, teikna av Tore Bernitz Pedersen – (1995) Den øredøvende stillheten, artiklar – (1997) Pasienten i sentrum (Rapport fra Nimbus) og Pasienten i periferien, artiklar – (1998) En mann for sin hatt: Alfred Jarry (1873–1907), illustrert av Per og Gisela Ekholm – (Forlaget Geelmuyden.Kiese 1998) Livet sett fra Nimbus, sjølvbiografi i samarbeid med Petter Mejlænder – (Spartacus Forlag 2002) Guru – glimt fra Gurdjieffs verden, i samarbeid med Eric Delanouë – (2002)
Prisar og utmerkingar Abraham Woursells internasjonale litteraturpris 1965 for Epp Cappelenprisen 1992 for Lul Norsk PEN sin Ossietzky-pris 1994 for Gud leser ikke romaner Fritt Ords honnør 1996 Natt&Dag sin «årets beste bok»-pris 1996 for Og resten står skrivd i stjernene
Kjelder
BIBSYS (NTNU) Alf van der Hagen: «Livet på Dumpen » i Dialoger 2: Åtte forfattersamtaler (Forlaget Oktober 1996) Axel Jensen – forfatteren (eiget heimeområde)
Bakgrunnsstoff Torgrim Eggen: Axel; fra smokken til Ovnen; storyen om Axel Jensen, Cappelen Damm – (2019)
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Mottakarar av Fritt Ords honnør Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1955 Kategori:Vinnarar av Cappelenprisen