Christopher Knudsen () var ein norsk prest og politikar for Høgre. Han var både fødd og døydde i Drammen.
Christopher Knudsen var son til ein arbeidar. Han vart student i 1861 frå Drammens skole og avla eksamen til cand. theol. i 1867. År 1867 var han lærar ved latinskulen i Drammen, medan han frå 1868 var kateket i Mandal. Åra 1876-79 var han sekretær i Det norske misjonsselskap i Stavanger. Frå 1879 var Knudsen sokneprest i Nedre Eiker. Deretter var han residerande kapellan i Bragernes frå 1886. I 1898 vart han utnemnd til sokneprest i Tønsberg. Sokneprest i Bragernes frå 1906 til -13.
Knudsen var ordførar både i Nedre Eiker og seinare i Tønsberg, samt varaordførar i Drammen. Skulestyreformann i både Tønsberg og i Drammen.
Knudsen var stortingsmann i samanhengande ni år. Han var 1. representant til Stortinget frå Drammen både 1895-97 og 1898-1900, 1900-03 representerte han Tønsberg. I fyrste perioden var han medlem av protokollkomiteen, medan han var medlem av kyrkjekomiteen dei to siste periodane. I tillegg sat han i valkomiteen 1900-03.
Knudsen var kyrkje- og undervisningsminister då Michelsen-regjeringa vart innsett 11. mars 1905, ein post han hadde til 26. januar 1906. Den «konservative kirkemann»Molland:304 Knudsen gjekk ut av regjeringa etter at eit fleirtal i statsrådet stemte ned innstillinga hans til utnemning av professor i systematisk teologi ved universitetet. Knudsen hadde då «prøvd alle tenkelige utveier for å unngå en utnevnelse av dr. Ording.»Molland:198
Knudsen var mellom dei som i 1907 skreiv under på innbydinga til å skipe Menighetsfakultetet.
I 1900 vart Knudsen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og i 1907 forfremja til kommandør av 1. klasse. Han vart også tildelt 7. juni-medaljen.
Kjelder Johnsen, Oscar A.;Tønsbergs historie, bind 3. 1952-54 Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Molland, Einar:Norges Kirkehistorie i det 19. århundre, bind II. 1979
Notar
Bakgrunnsstoff
Digitalarkivet
Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Michelsen Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar for Drammen Kategori:Stortingsrepresentantar for Tønsberg Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Norske prestar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Drammen