Aasmund Halvorsson Vinje () var ein norsk lærar, lensmann, tollkasserar, stortingsmann og statsråd frå Etne. Han var far til Torkell Vinje.
Vinje var son av ein gardbrukar i Etne. Han vart uteksaminert frå Stord seminar i 1871 og var deretter lærar 1871 i Skånevik, 1872 i Sauda og 1873 i Etne. 1874-75 var han lærar og kyrkjesongar i Røldal, lærar 1876-82 på amtsskulen på Utne i Hardanger. I 1883-84 var han lærar og kyrkjesongar i Kopervik, frå 1884 til -92 styrar ved Kopervik folkeskule. Perioden 1892 til 1905 var han lensmann i Skudenes og magistrat i Skudeneshavn. Vinje var ordførar i Kopervik 1884-92.
Vinje var innvald på Stortinget frå Stavanger amt i seks periodar frå 1886 til 1906, fyrst for Venstre, sidan 1889 for Moderate Venstre. Han sat alle år i næringskomitéar, 1886-88 i næringskomite nr 2, medlem av næringskomite nr 1 frå 1889 til 1905, som sekretær 1892-1903 og formann 1904-05. Elles var han medlem av valkomiteen 1897 og 1903-05, fullmaktskomiteen 1900-05, komiteen om den tekniske høgskulen 1900, samt spesialkomiteen av 1905. Han var lagtingspresident 1903-05.
Vinje var frå 11. mars 1905 landbruksminister i Christian Michelsens regjering som leia Noreg under unionsoppløysinga 1905. Hans viktigaste politiske handverk vart til under handsaminga av konsulatsaka. Han kom då med framlegg om straks å vedta ei eiga lov om norske konsular. Framlegget fekk stort fleirtal i Stortinget og danna grunnlag for ein fredeleg overgang til oppløysing av unionen.Haugesunds Avis: Den glemte statsråden 6. juni 2005Magne Misje og Knut Slinning: Aasmund Halvorsen Vinje (1851-1917). Brobygger i 1905, Lions Club Skudeneshavn, 2005 Han gjekk ut av regjeringa 6. november 1906.
Etter han gjekk ut av Michelsen-regjeringa, var Vinje tollkasserar i Drammen 1907-11, deretter i Stavanger.
Han vart i 1896 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden, forfremja til kommandør av 2. klasse i 1904 og til kommandør av 1. klasse i 1906 «for statsborgerlig og embedsfortjeneste».
Vinje døydde 1917 i Stavanger.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Notar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Michelsen Kategori:Norske statsrådar 1884-1905 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Moderate Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Ordførarar i Kopervik Kategori:Venstreordførarar i Rogaland Kategori:Norske politifolk Kategori:Norske pedagogar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Etne