Ambortius Olsen Lindvig () var ein norsk skipsreiar og politikar frå Kragerø.

Far til Lindvig var skipsreiar. 1871 tok sonen styrmannseksamen og var til sjøs i 14 år, hovudsakleg på langfart. I ni år var han skipper. 1874/75 og 1876/77 lærte han språk i høvesvisTyskland og Frankrike. År 1885 slo han seg til i fødebyen som skipsreiar, seinare dreiv han og som skipsmeklar og eksportør av is. I si reiarverksemd satsa han på stålskip til fart på Mexico og India, seinare sette han inn dampskip. I 1914 disponerte han 15 dampskip.

Lindvig var medlem av formannskapet i Kragerø i 20 år, fleire år var han ordførar. Elles direktør i den lokale sparebanken, og mange kommunale verv.

Lindvig representerte Kragerø på Stortinget 1895-1900 og 1906-12. Han var medlem av tollkomiteen 1895-97 og sekretær i same 1898-1900. I 1906 vart han på nytt vald inn i tollkomiteen, nestformann 1908-12. Han var visepresident i Odelstinget 1908-09 og president 1910-12. 1909 var han medlem av den forsterka næringskomite nr 1 og 1910-12 av valkomiteen. Lindvig var fyrst tilslutta Venstre, seinare Frisinna Venstre. Han var handelsminister 1912-13 i Bratlie-regjeringa. Dei åra han var stortingsmann var han seks gonger permittert for å styre med forretningane sine.

Lindvig var president i Norges Rederiforbund 1915-18 og budde i Oslo frå 1912.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Dødsdato frå NBL-artikkel om Lindvig, skriven av Knut Are Tvedt.

Kategori:Norske handelsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bratlie Kategori:Frisinnede Venstre-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Kragerø Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Ordførarar i Kragerø Kategori:Venstreordførarar i Telemark Kategori:Folk frå Kragerø