Loch Faskally (skotsk-gælisk Loch Faschoille) er eit kunstig reservoar i Perth and Kinross i Skottland, 2,5 kilometer nordvest for Pitlochry.

Innsjøen ligg mellom bratte skogkledde åsar og er om lag 3 km lang og 700 meter brei. Innsjøen er skapt av Pitlochry Dam som vart bygd av Wimpey Construction mellom 1947 og 1950 som ein del av vasskraftforsyninga i Nord-Skottland. Dammen inneheld ei laksetrapp slik at kring 5400 laks kvart år kan passere demninga.

Innsjøen er ein populær stad for fiske etter bekkeaure, gjedde og laks.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Loch Faskally» frå , den 18. august 2010.

Bakgrunnsstoff Loch Faskally på Gazeteer for Scotland Loch Faskally av Pitlochry

Faskally Faskally Kategori:Geografi i Perth and Kinross