mini|Gjøvikglas med kvinnemotiv mini|Glasblåsar i arbeid Gjøvik Glassverk er namnet på fleire verksemder som har laga glas på Gjøvik sidan 1807. Verksemda danna grunnlaget for bydanninga på Gjøvik.

Gjøvigs Glasværk vart skipa i 1807 av den tyske glasblåsaren Caspar Kauffeldt på garden Hunn i det som vart Vardal kommune. Han hadde vakse opp på Biri Glassverk der faren var hyttemeister. Rundt verket utvikla det seg eit lite lokalsamfunn som la grunnlaget for byen på starten av 1800-talet. Verksområdet er i dag ein del av Gjøvik sentrum.

Over ein hundreårsperiode laga Nøstetangen glassverk etterfølgd av Hurdal glassverk og deretter Gjøvigs Glasværk glas i Noreg. Etter kvart som produksjonen vart flytta følgde mange av glasblåsarane med. Dei heldt ofte fram med å produsere dei same modellane på den nye plassen. Det kan derfor vere vanskeleg å fastslå sikkert om eit produkt er laga ved eine eller andre verket og når det vart laga.

Aktiviteten ved glasverket kan delast inn i tre periodar frå 1807 til produksjonen endeleg vart lagd ned i 1843.

1807-1809 Produksjonen starta opp i 1807 med 7 mann. Det einaste produktet verket kunne produsere var taffelglas.

1809-1819 I 1809 vart produksjonen av kvitt glas overført frå Hurdal Glassverk. Denne perioden representerer glansperioden for verket. I 1817, arbeidde det 24 mann ved glasverket. Produksjonen ved verket omfatta i denne perioden taffelglas, kvitt glas og butelje- og og apotekarglas. Verket hadde òg eige glassliperi. Gjøvikglaset representerte empirestilen. Produksjonen vart innstilt i 1819, men drifta vart sett i gang i 1823 i mindre omfang.

1823-1843 mini|upright|Gjøvik byvåpen viser ei kvit svane på blå botn. mini|Originale glas fra Gjøvik Glasværk 1807-1843 i foajeen til Gjøvik rådhus Frå 1825 blei det produsert farga glas ved Gjøvik Glassverk. Den spesielle fargen gjøvikblå har sidan blitt kjent over heile landet som spesielt og eksklusivt for produkta frå Gjøvik. Til å framstille denne vart det nytta kobolt frå Blaafarveværket på Modum. Blåfargen finn ein òg i byvåpenet til Gjøvik. Glasverket vart lagt ned i 1843 av sonen til grunnleggaren Wexel Hansen Kauffeldt.

1994-2017 Nye Gjøvik Glassverk vart etablert i 1994 i Brennerigata 1-3, ved breidda av Hunnselva i Gjøvik sentrum. Det vart lagd ned i 2017. Mellom anna laga dei kopiar etter koboltblå modellar frå gamle Gjøvik glassverk.

Referansar

Kjelder

Gjøvik gaard (PDF) Om Gjøvikblå i Byvåpet Glass frå Gjøvik

Litteratur Christiansen, Gunnar E. 1939. De gamle priviligerte norske glassverker og Christiania glassmagasin. Oslo. Korshavn, Jan Håvard 1994. Norske Empireglass. Gjøvigs Glasværk 1807-1843. Gjøvik. Mæhlum, Einar 1938. Glassverk og glasspustere. I: Norsk kulturhistorie, bind 3. Oslo. Norland, Lissie 1998. Nedre Gjøvik Gård i glassverkstida 1804–1860. Institutt for kulturstudier, Universitetet i Oslo. Polak, Ada Buch 1953. Gammelt norsk glass. Oslo. Polak, Ada 1974 (rev. utgave). Glassboken. Oslo.

Bakgrunnsstoff Gjøvik Glassverk Gjøvik Glassverk AS ved runesimensen.com Gjøvik Glassverk A/S (historie) ved runesimensen.com

Kategori:Næringsliv i Gjøvik Kategori:Norske glasverk Kategori:Føretak skipa i 1807 Kategori:1807 i Noreg