Bylbylar, Pycnonotidae, er ein biologisk familie av små til mellomstore fuglar innanfor inndelinga songfuglar av sporvefuglar. Familien er fordelt over det meste av Afrika og inn i Midtausten, gjennom tropisk Asia til Indonesia, og så langt nord som Japan. Nokre få isolerte artar lever på dei tropiske øyane i Indiahavet. Det finst om lag 140 artar i 23 slekter. Medan nokre artar finst i dei fleste habitat, er afrikanske artar hovudsakleg funne i regnskogen. Derimot er regnskogsartar sjeldne i Asia, i staden føretrekkjer dei meir opne område der.

Skildring mini|venstre|Kvitbrillebylbyl, Pycnonotus xanthopygos Bylbylar er slanke sporvefuglar med kort hals. Stjerten er lang og vengene korte og avrunda. Hos mest alle artar er nebbet langstrakt og litt nedbøygd i enden. Dei varierer i lengd frå 13 cm for knøttbylbyl til 29 cm for stråbylbyl. Generelt er kjønna like, sjølv om hofuglar har ein tendens til å vere litt mindre ein hannfuglar. Hos nokre få artar er skilnadene så store at dei feilaktig har vore skildra som funksjonelt ulike artar. Den mjuke fjørdrakta hos nokre artar er fargerik med område i gult, raudt eller oransje i kinn, hals eller panne, men dei fleste er lite iaugefallande, med einsarta olivenbrun til svart fjørdrakt. Artar med kjedeleg farga auga har ofte augeringar i kraftig kontrastfarge. Nokre artar har mykje tydelege fjørtoppar. Bylbylar er særs vokale, songen for dei fleste artane blir skildra som nasal eller grusleg. Ein forfattar har skildra songen frå brunøyrebylbyl som «dei mest skjemmande lydar laga av nokon fugl».

Bylbylar et frå eit breitt spekter av ulike matkjelder, frå frukt til frø, nektar, små insekt og andre leddyr, og sjølv små virveldyr. Dei fleste artane er fruktetarar og supplere kosten med nokre insekt, medan det er ein betydeleg minoritet av spesialistar, særleg i Afrika. Ope land artar er spesielt generalistar. Bylbylar i slekta Criniger så vel som børstebylbylar i slekta Bleda utfører matauke i fleirartsflokkar.

Bylbylar er generelt monogame. Eit uvanleg unntak er mustasjebylbyl som det minste i delar av utbreiingsområde synast å vere polygame og engasjerer seg i eit paringsleiksystem. Nokre artar har òg ordningar med «fosterforeldre», der dei som ikkje hekkar, vanlegvis unge fuglar frå tidlegare kull, bidrar til å syte for oppveksande ungar frå eit dominerande hekkande par. Hoa legg og rugar opptil fem lillarosa egg, reiret blir bygd i eit tre. Ruginga varar vanlegvis mellom 11 og 14 dagar, og ungane er flygedyktige etter 12-16 dagar.

Tilhøvet til menneske Raudøyrebylbyl og raudgumpbylbyl blir fanga i store mengder for sal som burfuglar. Dei har òg vorte mykje introduserte til tropiske og subtropiske område, til dømes sørlege Florida, Fiji, Australia og Hawaii. Nokre artar reknast som skadedyr for avlingar, særleg i frukthagar.

Generelt er bylbylar er resistente mot menneskeleg påverknad på miljøet og er tolerant overfor forstyrra habitat. Rundt 13 artar er vurdert som trua av menneskeleg aktivitet, dette er hovudsakleg spesialiserte skogsartar som taper habitat.

Etymologi og kultur Ordet 'bylbyl' kjem gjennom tysk frå klassisk arabisk og persisk بلبل bulbul.«bulbul», Oxford English Dictionary, 1989 Det er eit lydhermande ord som viser til songen til fuglen., Bulbul ved www.thewonderofbirds.com

Bylbylen er ein viktig fugl i arabisk og persisk dikting, og eit mykje brukt symbol innan sufismen. I omsetjingar til europeiske språk blir han gjerne erstatta med nattergal. I fleire asiatiske tradisjonar bruker ein til dømes «bulbul» som metafor om ein dyktig songar, slik ein i Vesten gjerne har brukt «nattergal».

Systematikk Bylbylar i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Slekt Andropadus Krattbylbyl, Andropadus importunus, Sombre Greenbul, (Vieillot, LJP, 1818), (LC)

Slekt Calyptocichla Gyllenbukbylbyl, Calyptocichla serinus, Golden Greenbul, (Verreaux, JP; Verreaux, JBÉ, 1855), (LC)

Slekt Stelgidillas Smalnebbylbyl, Stelgidillas gracilirostris, Slender-billed Greenbul, (Strickland, HE, 1844), (LC)

Slekt Neolestes Varslarbylbyl, Neolestes torquatus, Black-collared Bulbul, Cabanis, JL, 1875, (LC)

Slekt Bleda Maskarabørstebylbyl, Bleda syndactylus, Red-tailed Bristlebill, (Swainson, WJ, 1837), (LC) Grønstjertbørstebylbyl, Bleda eximius, Green-tailed Bristlebill, (Hartlaub, KJG, 1855), (NT) Tyglebørstebylbyl, Bleda notatus, Yellow-lored Bristlebill, (Cassin, J, 1856), (LC) Gulaugebørstebylbyl, Bleda ugandae, Yellow-eyed Bristlebill, Van Someren, VGL, 1915, (LC) Gråhovudbørstebylbyl, Bleda canicapillus, Grey-headed Bristlebill, (Hartlaub, KJG, 1854), (LC)

Slekt Arizelocichla Kamerunbylbyl, Arizelocichla montana, Cameroon Mountain Greenbul, (Reichenow, A, 1892), (LC) Skuggebylbyl, Arizelocichla masukuensis, Shelley's Greenbul, (Shelley, GE, 1897), (LC) Vestfjellbylbyl, Arizelocichla tephrolaema, Western Mountain Greenbul, (Gray, GR, 1862), (LC) Svovelbrystbylbyl, Arizelocichla kikuyuensis, Kikuyu Mountain Greenbul, (Sharpe, RB, 1891), (NE) Austfjellbylbyl, Arizelocichla nigriceps, Black-headed Mountain Greenbul, (Shelley, GE, 1889), (NE) Ulugurubylbyl, Arizelocichla neumanni, Uluguru Mountain Greenbul, Hartert, EJO, 1922, (LC) Svartbrynbylbyl, Arizelocichla fusciceps, Black-browed Mountain Greenbul, (Shelley, GE, 1893), (LC) Stripeøyrebylbyl, Arizelocichla striifacies, Olive-headed Greenbul, (Reichenow, A; Neumann, OR, 1895), (LC) Stripekinnbylbyl, Arizelocichla milanjensis, Stripe-cheeked Greenbul, (Shelley, GE, 1894), (NT) Sitronstrupebylbyl, Arizelocichla chlorigula, Yellow-throated Mountain Greenbul, (Reichenow, A, 1899), (LC)

Slekt Ixonotus Flekkbylbyl, Ixonotus guttatus, Spotted Greenbul, Verreaux, JP; Verreaux, JBÉ, 1851, (LC)

Slekt Thescelocichla Palmebylbyl, Thescelocichla leucopleura, Swamp Palm Bulbul, (Cassin, J, 1855), (LC)

Slekt Atimastillas Gulstrupelauvbylbyl, Atimastillas flavicollis, Yellow-gorgeted Greenbul, (Swainson, WJ, 1837), (LC) Bleikstrupelauvbylbyl, Atimastillas flavigula, Pale-throated Greenbul, (Cabanis, JL, 1880), (LC)

Slekt Baeopogon Bleikstjertbylbyl, Baeopogon clamans, Sjöstedt's Greenbul, (Sjöstedt, BY, 1893), (LC) Honninglosbylbyl, Baeopogon indicator, Honeyguide Greenbul, (Verreaux, JP; Verreaux, JBÉ, 1855), (LC)

Slekt Chlorocichla Jubellauvbylbyl, Chlorocichla laetissima, Joyful Greenbul, (Sharpe, RB, 1899), (LC) Lendulauvbylbyl, Chlorocichla prigoginei, Prigogine's Greenbul, De Roo, AEM, 1967, (EN) Gulhakelauvbylbyl, Chlorocichla falkensteini, Falkenstein's Greenbul, (Reichenow, A, 1874), (LC) Gulbuklauvbylbyl, Chlorocichla flaviventris, Yellow-bellied Greenbul, (Smith, A, 1834), (LC) Umbralauvbylbyl, Chlorocichla simplex, Simple Greenbul, (Hartlaub, KJG, 1855), (LC)

Slekt Criniger Guineaskjeggbylbyl, Criniger barbatus, Western Bearded Greenbul, (Temminck, CJ, 1821), (LC) Kongoskjeggbylbyl, Criniger chloronotus, Eastern Bearded Greenbul, (Cassin, J, 1859), (LC) Raudstjertskjeggbylbyl, Criniger calurus, Red-tailed Greenbul, (Cassin, J, 1856), (LC) Kvitstrupeskjeggbylbyl, Criniger ndussumensis, White-bearded Greenbul, Reichenow, A, 1904, (LC) Gulstrupeskjeggbylbyl, Criniger olivaceus, Yellow-bearded Greenbul, (Swainson, WJ, 1837), (VU)

Slekt Eurillas Songbylbyl, Eurillas virens, Little Greenbul, (Cassin, J, 1857), (LC) Mustasjebylbyl, Eurillas latirostris, Yellow-whiskered Greenbul, (Strickland, HE, 1844), (LC) Gråstrupebylbyl, Eurillas curvirostris, Plain Greenbul, (Cassin, J, 1859), (LC) Dvergbylbyl, Eurillas gracilis, Little Grey Greenbul, (Cabanis, JL, 1880), (LC) Pygmébylbyl, Eurillas ansorgei, Ansorge's Greenbul, (Hartert, EJO, 1907), (LC)

Slekt Phyllastrephus Knøttbylbyl, Phyllastrephus debilis, Lowland Tiny Greenbul, (Sclater, WL, 1899), (LC) Usambarabylbyl, Phyllastrephus albigula, Montane Tiny Greenbul, (Grote, H, 1919), (NT) Lianebylbyl, Phyllastrephus albigularis, White-throated Greenbul, (Sharpe, RB, 1882), (LC) Grønkronebylbyl, Phyllastrephus viridiceps, Angola Greenbul, Rand, AL, 1955, (NT) Akrobatbylbyl, Phyllastrephus flavostriatus, Yellow-streaked Greenbul, (Sharpe, RB, 1876), (LC) Svovelbylbyl, Phyllastrephus xavieri, Xavier's Greenbul, (Oustalet, J-FÉ, 1892), (LC) Sitronbylbyl, Phyllastrephus icterinus, Icterine Greenbul, (Bonaparte, CLJL, 1850), (LC) Markbylbyl, Phyllastrephus terrestris, Terrestrial Brownbul, Swainson, WJ, 1837, (LC) Ravinebylbyl, Phyllastrephus poensis, Cameroon Olive Greenbul, Alexander, B, 1903, (LC) Kjerrbylbyl, Phyllastrephus strepitans, Northern Brownbul, (Reichenow, A, 1879), (LC) Elvebylbyl, Phyllastrephus cerviniventris, Grey-olive Greenbul, Shelley, GE, 1894, (LC) Swahilibylbyl, Phyllastrephus fischeri, Fischer's Greenbul, (Reichenow, A, 1879), (LC) Jungelbylbyl, Phyllastrephus cabanisi, Cabanis's Greenbul, (Sharpe, RB, 1882), (LC) Bladbylbyl, Phyllastrephus scandens, Leaf-love, Swainson, WJ, 1837, (LC) Rustnakkebylbyl, Phyllastrephus lorenzi, Sassi's Olive Greenbul, Sassi, M, 1914, (LC) Oskehovudbylbyl, Phyllastrephus poliocephalus, Grey-headed Greenbul, (Reichenow, A, 1892), (LC) Ugandabylbyl, Phyllastrephus hypochloris, Toro Olive Greenbul, (Jackson, FJ, 1906), (LC) Ashantibylbyl, Phyllastrephus baumanni, Baumann's Olive Greenbul, Reichenow, A, 1895, (LC) Angolabylbyl, Phyllastrephus fulviventris, Pale-olive Greenbul, Cabanis, JL, 1876, (LC)

Slekt Microtarsus Brunryggbylbyl, Microtarsus eutilotus, Puff-backed Bulbul, (Jardine, W; Selby, PJ, 1837), (NT) Kvitvengbylbyl, Microtarsus melanoleucos, Black-and-white Bulbul, Eyton, TC, 1839, (NT) Gulbrillebylbyl, Microtarsus urostictus, Yellow-wattled Bulbul, (Salvadori, AT, 1870), (LC) Gråhovudbylbyl, Microtarsus priocephalus, Grey-headed Bulbul, (Jerdon, TC, 1839), (NT) Svarthovudbylbyl, Microtarsus melanocephalos, Black-headed Bulbul, (Gmelin, JF, 1788), (LC) Andamanbylbyl, Microtarsus fuscoflavescens, Andaman Bulbul, (Hume, AO, 1873), (LC) Blåbrillebylbyl, Microtarsus nieuwenhuisii, Blue-wattled Bulbul, (Finsch, FHO, 1901), (DD)

Slekt Rubigula Oransjebrillebylbyl, Rubigula erythropthalmos, Spectacled Bulbul, (Hume, AO, 1878), (LC) Blybylbyl, Rubigula cyaniventris, Grey-bellied Bulbul, (Blyth, E, 1842), (NT) Skjelbylbyl, Rubigula squamata, Scaly-breasted Bulbul, (Temminck, CJ, 1828), (NT) Svarttoppbylbyl, Rubigula flaviventris, Black-crested Bulbul, (Tickell, SR, 1833), (LC) Eldhakebylbyl, Rubigula gularis, Flame-throated Bulbul, (Gould, J, 1836), (LC) Svarthettebylbyl, Rubigula melanictera, Black-capped Bulbul, (Gmelin, JF, 1789), (LC) Rubinstrupebylbyl, Rubigula dispar, Ruby-throated Bulbul, (Horsfield, T, 1821), (VU) Borneobylbyl, Rubigula montis, Bornean Bulbul, Sharpe, RB, 1879, (LC)

Slekt Nok Barhovudbylbyl, Nok hualon, Bare-faced Bulbul, (Woxvold, IA; Duckworth, JW; Timmins, RJ, 2009), (LC)

Slekt Spizixos Kinafinkebylbyl, Spizixos semitorques, Collared Finchbill, Swinhoe, R, 1861, (LC) Toppfinkebylbyl, Spizixos canifrons, Crested Finchbill, Blyth, E, 1845, (LC)

Slekt Pycnonotus samlar 28 artar i Asia og tre artar i Afrika

Slekt Tricholestes Hårbylbyl, Tricholestes criniger, Hairy-backed Bulbul, (Blyth, E, 1845), (LC)

Slekt Setornis Kroknebbylbyl, Setornis criniger, Hook-billed Bulbul, Lesson, RP, 1839, (VU)

Slekt Alophoixus Gulbukbylbyl, Alophoixus phaeocephalus, Yellow-bellied Bulbul, (Hartlaub, KJG, 1844), (LC) Oskestrupebylbyl, Alophoixus frater, Palawan Bulbul, (Sharpe, RB, 1877), (LC) Gråkinnbylbyl, Alophoixus tephrogenys, Grey-cheeked Bulbul, (Jardine, W; Selby, PJ, 1833), (VU) Penanbylbyl, Alophoixus ruficrissus, Penan Bulbul, (Sharpe, RB, 1879), (LC) Brunkinnbylbyl, Alophoixus bres, Brown-cheeked Bulbul, (Lesson, RP, 1832), (EN) Kvitstrupebylbyl, Alophoixus flaveolus, White-throated Bulbul, (Gould, J, 1836), (LC) Okerbylbyl, Alophoixus ochraceus, Ochraceous Bulbul, (Moore, F, 1854), (LC) Bruntoppbylbyl, Alophoixus pallidus, Puff-throated Bulbul, (Swinhoe, R, 1870), (NE)

Slekt Alcurus