alt=|mini|Rhododendronsamiliga i Nydalen, Arboretet. Arboretet og Botanisk hage er ein del av Universitetsmuseet i Bergen og ligg på Milde sørvest i Bergen kommune, på begge sidar av Mildevegen. Arboretet aust for vegen, og Botanisk hage vest for vegen. Arealet er på om lag 600 mål, av dei vel 70 i Botanisk hage.
Arboretet er ei systematisert samling av norske og framande tre og buskar dyrka som skog eller i plantefelt for å nyttast i forsking og undervisning, og for å prøve ut framande vekstar i vestlandsklimaet.
I Botanisk hage er det hovudsakleg urter, og samlingane er delt inn i ulike avdelingar.
Botanisk hage, som opphavleg vart oppdyrka kring museumsbygningane på Nygårdshøyden i Bergen sentrum (no Musehagen), vart innvigd 21. august 1996; då var utstillingshagen på Solåkeren klar, og den første utstillinga av sommarblomar stod på sitt vakraste. Nokre murar var reiste, og smijernsporten var på plass. I tillegg var det blitt opparbeidd ein parkeringsplass og planta litt rundt denne.
mini|venstre|Løksamlinga i Kjøkkenhagen. mini|Inngangspartiet til Japanhagen i Botanisk hage på Milde i Bergen.
Fjellhagen vart innvigd i 2001, og Fægris vannvisjon i 2005. I 2007 vart det sett ned eit tuntre ved hovudinngangen som ei start på temahagane som skal kome der. Kjøkkenhagen i området over fjellhagen er eit spennande område med gamle og nye nytte-og kulturvekstar.
Japanhagen er teikna og utforma av den kjente japanske landskapsarkitekten Haruto Kobayashi. Den vart innvigd 20. mai 2008. I 2018 kom Lønningen lystgård, eit hus med undervisningslokale toalett og selskapslokale, og med Arkimedes sin labyrint utanfor, der sumarblomstutstillinga var før.
Bakgrunnsstoff Arboretet og Botanisk hage Oversiktskart over samlingane (PDF) Japanhagen (PDF)
Kategori:Universitetet i Bergen Kategori:Botaniske hagar i Noreg Kategori:Skipingar i 1996