Larvikitt er ein monzonittisk djuperuptiv bergart som er kjent for sitt vakre fargespel.Naturhistorisk Museum. Universitetet i Oslo FylkessteinNorsk Steinbok. Torgeir T. Garmo. 3. Utgåva 1995. ISBN 82-00-41693-3Norsk Geologisk Forening. Landet blir til. 2006. ISBN 82-92394-31-1 Han blei kåra til nasjonalbergart i Noreg i 2008.Norges Geologiske Undersøkelse. Larvikitt landets nasjonalbergart
Bergindustri Larvikitt er den viktigaste natursteinen i Noreg som blir utvunnen i stor skala. I steinbrota tar ein ut to hovudvariantar; lys larvikitt og mørk larvikitt. Det kan vere betydelege variasjonar i utsjånad på steinen mellom dei ulike lokalitetane. Brota ligg hovudsakleg i Larvik i Vestfold og litt inn i Porsgrunn i Telemark. Larvikitt er berre funne i Oslofeltet, hovudsakleg ved Larvik og områda rundt. Den blir brukt til fasadar, gravmonument, benkeplater, fliser og liknande over heile verda. Bergarten har fått namn etter byen Larvik. Som handelsvare blir larvikitt ofte marknadsført under namn som Lys labrador, Mørk labrador, Blue pearl, Emerald pearl og liknande, og er blitt ein viktig eksportartikkel. I 2005 blei det eksportert larvikitt for 660 millionar kroner.Norges Geologiske Undersøkelse. Mineralressurser i Norge. Bergindustrien i 2005
Stratigrafi Larvikitt førekjem vanleg i den sørlege delen av det som blir kalla Oslofeltet. Dette er ein monzonittisk djuperuptiv som utgjer ei hovudgruppe av bergartane i Oslofeltet. Christoffer Oftedahl: Norges geologi. Tapir. 2. utg. 1981. ISBN 82-519-0446-3
Petrologi Larvikitt høyrer til dei magmatiske bergartane (vulkanske). Den er ein djupbergart, også kalla intrusiv størkningsbergart, som er blitt danna under høgt trykk og høg temperatur djupt nede i jordskorpa. Den består i hovudsak av alkalifeltspat og plagioklas. Mindre mengder biotitt, augitt, nefelin, magnetitt, ilmenitt, olivin og kvarts kan vere til stades.Norges Geologiske Undersøkelse. Natursteindatabasen. Tveiten Forekomst nr.644 i Larvik Universitetet I Oslo. Institutt For Geofag. GEOLOGISKE HOVEDTREKK I GRENLAND-BRUNLANES OMRÅDET. 2005.
Larvikitt har eit blåleg fargespel som kjem av lysbryting i mikroskopiske lamellar av plagioklas i alkalifeltspat (Schiller-effekt). Bergarten får dermed ein spesiell glans som gjer den attraktiv som pryd- og bygningsstein.Geoportalen. Nasjonalbergart - Larvikitt. Dette fargespelet har av mange blitt forveksla med fargespelet frå plagioklasvarianten labradoritt. Fargespelet i labradoritt liknar på fargespelet i larvikitten, men her skuldast det variasjon av natriuminnhaldet i krystallane.Norges Geologiske Undersøkelse Fargeglad stein – norsk naturstein med fargespill
Larvikitt som bygningsmateriale mini|Universitetsbiblioteket i Oslo har ein fasade dekt med mørk larvikitt frå Klåstad. mini|Bryting av larvikitt ved Klåstad i Larvik. mini|Großer Tiergarten Carillon er eit klokkespel i sentrum av Berlin. Heile fasaden er dekt med larvikitt. Larvikitt har blitt brote som byggestein til kyrkjer og andre byggverk sidan mellomalderen. Likevel starta den kommersielle drifta ikkje før på 1880-talet. Det første brotet blei starta av Ferdinand Narvesen i 1884. På den tida kalla geologane den for labrador. Det var før Waldemar Christofer Brøgger i 1890 beskreiv bergarten som ein augitt-syenitt og gav den namnet larvikitt etter byen Larvik som låg like ved. Seinare har det synt seg at larvikitten i lokalitetane for det meste kan klassifiserast som alkali-monzonittar.Universitetet I Oslo. Institutt For Geofag. GEOLOGISKE HOVEDTREKK I GRENLAND-BRUNLANES OMRÅDET. 2005.Norges Geologiske Undersøkelse Larvikittforekomstar Geoaktuellt Professorenes larvikitt Trass dette blir larvikitt den dag i dag seld under namn som labrador, syenitt og granitt, truleg fordi desse namna kling litt betre.
Lys larvikitt blir broten vest i Larvik, i Tveidalenområdet og litt inn i Porsgrunn. Tveidalstypen har grå eigenfarge og fargespelet er dominert av blått. Som handelsvare går den under namn som Lys labrador, Blue pearl, Lys syenitt og liknande.Norges Geologiske Undersøkelse. Natursteindatabasen. Tvedalen Forekomst nr.636 i Larvik. Norges Geologiske Undersøkelse. Natursteindatabasen. Auen Forekomst nr.605 i Porsgrunn Norges Geologiske Undersøkelse. Natursteindatabasen. Torstein Forekomst nr.638 i Larvik
Mørk larvikitt blir broten aust i Larvik, i Tjøllingområdet og inn mot grensa til Sandefjord. Dei vanlegaste variantane er Klåstad-typen og Bergan-typen. Som handelsvare går dei under namn som Mørk labrador, Bergan syenitt, Emerald pearl eller Mørk syenitt. Det største brotet ligg på Klåstad. Den går frå å vere mørk til å bli nesten svart.Norges Geologiske Undersøkelse. Natursteindatabasen. Bergan Forekomst nr.641 i Larvik Norges Geologiske Undersøkelse. Natursteindatabasen. Furuberget Forekomst nr.653 i Larvik Norges Geologiske Undersøkelse. Natursteindatabasen. Klåstad Forekomst nr.643 i Larvik
Norsk nasjonalbergart Larvikitt vart i februar 2008 kåra til nasjonalbergart for Noreg. Den var ein av ti mellom 50 bergartar som var blitt plukka ut av ein fagjury, som gjekk vidare til folkerøysting. Då røystinga var over den 18. januar, hadde larvikitt fått 40 % av røystene og låg an til å bli ein klar vinnar. Sidan larvikitt er så «typisk norsk» som den er, kunne fagjuryen lett slutte seg om denne bergarten. Kåringa blei presentert i høve 150-årsjubileet til Norges Geologiske Undersøkelse den 6. februar 2008.NRK Her er Norges Nasjonalbergart
Thulitt som tidlegare er blitt kåra til «Norges nasjonalstein», er ikkje diskreditert av kåringa av Noregs nasjonalbergart.Geoportalen Norges Nasjonalbergart. En verdig representant.
Bygningar med larvikitt SN-bygningen i New York Universitetsbiblioteket i Oslo (fasade) Carillon i Berlin klokkespel i Berlin i Tyskland (fasade) Ford bygningskompleks i Detroit (fasade) Mercedes Benz sitt hovudkvarter i København (fasade) Moskéen til Sultanen av Brunei Den norske Banks avdeling i Larvik (fasade, søyler) Glaxo Wellcome-bygningen i Aten (fasade) Barclays Bank i Aten (fasade)
Sjå òg Monzonitt Tønsbergitt Labradorstein
Referansar Fotnotar
Nettstader Larvikitt.no THE LARVIK PLUTONIC COMPLEX R. V. Dietrich, 2006, Gemrocks
Kategori:Oslofeltet Kategori:Larvik kommune Kategori:Vulkanske bergartar Kategori:Bergverk i Noreg Kategori:Utvalde artiklar 2013 Kategori:Geologi i Vestfold