mini|Dafne jaga av Apollo, av Giovanni Battista Tiepolo, 1744. Dafne er det tidlegaste kjende musikkverket, etter moderne standard, som kan reknast som ein opera.JSTOR.org "Dafne", the First Opera. A Chronological StudyABC.net.au How the Quest Was WonNYTimes.com " TRAVEL ADVISORY; Opera's 400th Birthday Is Celebrated in Vienna" Han vart komponert av Jacopo Peri i 1597, med ein libretto av Ottavio Rinuccini.
Historie Dafne er instrumentert for eit mykje mindre ensemble enn dei litt seinare operaene til Claudio Monteverdi, nemleg cembalo, ein lutt, ein gambe, ein erkelutt og ei trippelfløyte.NewAdvent.org Peri tydde til ei ny utvikling på denne tida og oppretta resitativ, melodisk tale sett til musikk, som ein sentral del av opera.Jacopo Peri – Dafne
Historia omhandlar Apollon som forelskar seg i nymfen Dafne. Jacopo Peri skreiv Dafne for ein elitesirkel av humanistar i Firenze, Florentine Camerata, mellom 1594 og 1597, med støtte og kanskje samarbeid, med komponisten og vernaren Jacopo Corsi.JSTOR Peri and Corsi's "Dafne": Some New Discoveries og Observations, William V. Porter; Journal of the American Musicological Society, Vol. 18, No. 2 (Summer, 1965), s. 170–196 Han vart truleg først framført anten 1597 eller 1598 ved Palazzo Corsi.NNDB's Jacopo Peri page Det var eit forsøk på å gjenskape gresk drama, men i følgje moderne lærde var det langt frå noko dei gamle grekarane hadde kjent att. I staden oppretta dei ei heilt ny musikkform som skulle var dei neste 400 åra.
Det meste av musikken til Peri er gått tapt, trass i at han var populær og kjend i Europa då han vart publisert. Ein har hatt 455 linjer frå librettoen. Den herskande Medicifamilien i Firenze var så nøgd med Dafne at dei let det neste verket til Peri, Euridice, verte framført som ein del av bryllaupsfeiringa til Marie de' Medici og Henrik IV i 1600.MusicWithEase.com "Opera Before Gluck
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dafne» frå , den 17. juli 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff The Starry Messenger by Justin Fleming A play about the first production of Dafne
Kategori:Operaer av Jacopo Peri Kategori:Musikk i 1597 Kategori:Tapte operaer Kategori:Operaer frå 1500-talet