mini|Isbjørn er ein truga art. Han er rekna som sårbar både i norsk og internasjonal samanheng. Truga artar er artar (som dyr eller plantar) som er truga av utrydding. Artar kan trugast av ulike grunnar, som habitatendringar eller for sterk predasjon, og har i våre dagar ofte årsak i menneskelege handlingar.
For å hindra at ein art skal utryddast heilt kan ein setja i verk tiltak som freding, forbod eller avgrensingar av jakt, fiske, plukking eller anna forstyrring av truga artar eller tilhaldsstadene deira. Slike tiltak kan vera med på å gjera artane mindre truga, kanskje tilmed livskraftige. For å identifisera truga artar som treng tiltak, driv ein med raudlisting, der artane blir klassifiserte etter kor levedyktige dei er. Alle truga artar kjem likevel ikkje med på desse listene,og kan forsvinna utan at ein legg merke til det.
Raudlisting
Ei internasjonal og fleire nasjonale raudlister gjev i dag oversyn over ei rekkje truga artar, og i kva grad dei er truga. Dei truga artane blir delte inn i sårbar, sterkt truga eller kritisk truga.
Kritisk truga artar
CR, Critically endangered, viser til artar som har svært høg risiko for å døy ut – 50 prosent sannsyn for å døy ut innan 3 generasjonar, minimum 10 år.
Oversyn over kritisk truga artar
Sterkt truga artar EN, Endangered, viser til artar som har svært høg risiko for å døy ut – 20 prosent sannsyn for å døy ut innan 5 generasjonar, minimum 20 år.
Oversyn over sterkt truga artar
Sårbare artar
VU, Vulnerable, viser til artar som har høg risiko for å døy ut (10 prosent sannsyn for å døy ut innan 100 år).
Oversyn over sårbare artar
Nær truga (NT, Near threatened) viser til artar som kan bli truga og dermed ikkje er heilt livskraftige.
I Noreg Ifølgje Norsk Raudliste 2006 er 1 988 artar truga i Noreg. 258 artar er kritisk truga, og kan bli utrydda i Noreg i løpet av ein tiårsperiode.
Sjå også Verdas naturvernunion
Kjelder Miljøstatus i Norge: Truede arter
Denne artikkelen bygger på «Endangered species» frå , den 15. juli 2010.
Bakgrunnsstoff Miljøstatus i Norge: Truede arter
Kategori:Miljøvern
Kategori:Raudlisting