Volda er ein tettstad og administrasjonssenteret i Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Tettstaden ligg på nordaustsida av Voldsfjorden og har .
Volda er eit lokalt skule-, administrasjons- og handelssentrum, med lærarutdanning frå 1861. Her ligg Høgskulen i Volda med avdelingar for lærarutdanning, humanistiske fag, samfunnsfag og mediefag, og Volda vidaregåande skule med varierte studieretningar.
I Volda ligg lokalsjukehuset Volda sjukehus og kontora for Søre Sunnmøre tingrett. Her står også Volda kyrkje, ei krosskyrkje frå 1932. Aust for tettstaden ligg Volda Skisenter. Avisa Møre kjem ut i Volda tre dagar i veka.
Frå Volda ferjekai i sentrum går det ferje over Voldsfjorden til Lauvstad på fylkesveg 652 og Folkestad på fylkesveg 651 (før 2012: E 39). På Hovden i Ørsta kommune, 5 kilometer frå Volda sentrum, ligg Ørsta/Volda lufthamn som er trafikkert av Widerøe.
Bilete frå Volda
Sjå òg Volda kommune
Kjelder
Kategori:Busetnader i Volda Kategori:Tettstader i Møre og Romsdal Kategori:Kommunesenter i Møre og Romsdal
