Ole Sivert Mortensson Welde () var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann og politikar frå Beitstad i Nord-Trøndelag.
Welde hadde inga formell utdanning etter åra på fastskulen, men var likevel lærar nokre år i ungdomen. Han overtok farsgarden Øvre Velle i 1844 og dreiv denne sidan.
Welde var ordførar i Beitstad 1856-59 og 1868-73, og lensmann 1872-80. Han gjekk av som lensmann i protest mot at styresmaktene, gjennom statsrådet og amtmannen, nekta han permisjon i samband med eit tillyst ekstramøte i militærkomiteen på Stortinget. Elles var han med i forlikskommisjonen frå 1848.
Welde representerte Nordre Trondhjems amt på Stortinget i åra 1859-82. På tinget var han ein frontkjempar for «bondesaker» som avgrensing av embetsmannsveldet, offentleg sparepolitikk og utvida lokalt sjølvstyre. Welde tala for utviding av røysteretten og innføring av gammalnorsk i lærarutdanninga. Maktpolitisk markerte han seg som brubyggjar mellom Søren Jaabæk og Johan Sverdrup. Han var medlem av kyrkjekomiteen 1859-60 og 1865-66, samt av kyrkjekomite nr 1 i 1862-63 og 1868-69. Vidare var han medlem av militærkomiteen 1864 og 1871-82, medlem av røysterettskomiteen 1868-69 og sekretær i denne 1875-79. Welde var elles medlem av jarnbanekomiteen 1871-73 og sekretær i 1874, samt sekretær i valkomiteen og fullmaktskomiteen 1871-73 og på ny 1877-82.
Welde vart permittert frå Stortinget 13. mai 1882, grunna sjukdom. Den 17. mai, dagen før han reiste heim, fekk han overrekt ei sølvkanne med ei innskrift forfatta av Bjørnstjerne Bjørnson. Vinteren etter døydde han på garden sin i Beitstad.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff Ole Sivert Welde hos Steinkjerleksikonet Ole Sivert Welde hos Steinkjer Kunnskapsportal
Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Ordførarar i Beitstad Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Steinkjer