Jan Christian Johanssen () var ein klassisk filolog og skulemann frå Trondheim. Han var stortingsrepresentant 1880-82.

Far til Johanssen var skulestyrar og klokkar ved domkyrkja i Trondheim. Sjølv vart han student frå katedralskulen i heimbyen i 1857 og cand. philol. i 1864. Han var deretter lærar ved faren sin privatskule i Trondheim 1864-65 og i 1866 lærar ved privatskular i hovudstaden. Frå 1867 til 1875 var han universitetsstipendiat i latinsk filologi ved universitetet i Kristiania, og konkurrerte i 1875 med J. P. Weiss om det ledige professoratet i filologi.

Frå 1876 var Johanssen styrar av den kommunale høgare allmennskulen i Fredrikstad.

Johanssen representerte Fredrikstad på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen.

I 1894 vart Johanssen utnemnd til ekspedisjonssjef i kyrkjedepartementet, der han blant anna var med på å gjennomføre nyordninga av den høgare skulen etter lova av 27. juli 1896. I 1900 vart han rektor ved Skiens skole. Han tok avskjed frå denne stillinga i 1909.

Han døydde i Kristiania i 1911.

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Folk frå Trondheim