Eljero George Rinaldo Elia () er ein nederlandsk fotballspelar som har spela for Juventus i italiensk Serie A, og for det nederlandske landslaget. Han vart kåra til årets fotballtalent i Nederland i 2009. 6. september 2009 debuterte han for A-landslaget som innbytar i ein privatlandskamp mot Japan. Han skåra det første landslagsmålet sitt i den andre landskampen sin, mot Skottland 9. september 2009. Han var med i troppen til fotball-VM i 2010.
Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:ADO Den Haag-spelarar Kategori:Twente-spelarar Kategori:Hamburg-spelarar Kategori:Juventus-spelarar