Alta er ein by og administrasjonssenteret i Alta kommune, vest i Finnmark. Han har litt over 15 000 innbyggjarar, og er den største byen i Finnmark. Byen femner Bossekop, Bukta, Elvebakken, Midtbakken og Sentrum, som er vaksne saman til ein langstrekt tettstad. Dei blei innlemma i Alta då tettstaden fekk bystatus i 2000.
Kultur og utdanning I Alta sentrum ligg Storsteinen, med 600 helleristingar frå Komsakulturen (3500-1500 fvt.). Nordlyskatedralen blei vigsla 10. februar 2013.
Nordlysbadet har eit konkurransebasseng på 25 meter. Finnmarkshallen er ein fleirbrukshall frå 1996.
Avisa Altaposten kjem ut i byen.
Alta er det viktigaste skulesenteret i Finnmark, med mellom anna vidaregåande skule og folkehøgskule. Noregs arktiske universitet har ei avdeling i Alta, , som utdannar ingeniørar og lærarar.
Aronnesrocken er ein årleg rockefestival på Aronnes. Finnmarksløpet blir halde årleg med start og mål i Alta sentrum. Sykkelrittet Arctic Race of Norway 2014 hadde målgang for 2. etappe og start for 3. etappe i Alta sentrum. Arctic Race of Norway 2018 blei avslutta i Alta med ein etappe frå Kvalsund.
Næringsliv Mykje av industrien i kommunen er konsentrert i og kring tettstaden. Her finn ein fleire trevarefabrikkar og sagbruk, betongvarefabrikk,skiferbrudd, handelsgartneri, meieri og maritim sørvis. Mange innbyggjarar pendler med båt til Stjernøya i Altafjorden, der det er gruvedrift. Ein henter ut mineralet nefelinsyenitt frå fjellet Nabbaren.
Transport
Lufthamna i byen ligg attmed Vestre Elvebakken.
Kjelder
Kategori:Busetnader i Alta Kategori:Tettstader i Finnmark Kategori:Byar i Finnmark Kategori:Kommunesenter i Finnmark