mini|Kalkmåleri frå Nørre Herlev kirke, Danmark mini|Veggmåleri i Pompeii. Kalkmåleri er måleri utført på ein mur som er pussa med kalkmørtel.

Måleriet kan vere påført ein kvitkalka tørr mur, og då er måleriet utført i ein secco-teknikk. Det kan òg vere påført medan murpussen framleis er våt, og blir då kalla freskomåleri. Freskomåleri vart mykje nytta i bygningar i Romarriket, som til dømes funna i Pompeii i Italia syner, og i kyrkjer og andre bygningar i mellomalderen, mellom anna i nordiske steinkyrkjer.

Freskomåleri kan halda seg i hundrevis av år under dei rette tilhøva. Arkeologiske funn syner at dette er ein sers gamal metode for dekorasjon av veggar og murar.

Norske kyrkjer med kalkmåleri Enebakk kyrkje Tanum kyrkje i Bærum Moster gamle kyrkje Kinsarvik kyrkje Dale kyrkje i Luster Tingvoll kyrkje Byneset kyrkje

Sjå òg Freskomåleri

Bakgrunnsstoff Kalkmalerier.Dk, søkbar base Kalkmalerier Nasjonalmuseet DK. Kirker og kalkmalerier

Litteratur Bolvig, Aksel: Danmarks kalkmalerier, København 2002, ISBN 87-567-6516-9

Kategori:Mellomalderkunst Kategori:Nordisk kultur Kategori:Målarteknikkar Kategori:Veggmåleri