Ole Nilssen () var ein norsk lærar, lensmann og politikar frå Straumsnes på Nordmøre. Han var stortingsrepresentant frå 1865 til 1894.
Nilssen var fødd på ein husmannsplass under garden Næstad i Straumsnes. I oppveksten dreiv han fiske, var så seminarist frå Klæbu i 1849. Han var lærar på ein skule i Trondheim eitt år, deretter omgangsskulelærar i Frei. I 1853 kjøpte han garden Einset i Straumsnes, dreiv denne i 29 år. Lærar og kyrkjesongar i Tingvoll frå 1853 til 1856 og deretter lærar i Straumsnes, kyrkjesongar frå 1864. Mange år ordførar, fyrst i Tingvoll, og seinare i den utskilde kommunnen Straumsnes. I 1880 vart han tilsett som lensmann i Gjemnes. Han busette seg då på garden Skei i Øre.
Nilssen representerte Romsdals amt på Stortinget fyrste gongen i 1865. Han var medlem av protokollkomiteen i periodane 1865–66 og 1868–69, medlem av kyrkjekomiteen 1871–85, sekretær i Odelstinget 1883–8 og sekretær i Stortinget og medlem av justiskomiteen 1889–91. Frå 1892 til -94 var han medlem av Lagtinget, valkomiteen, fullmaktskomiteen og justiskomiteen. Då partigrupperingane vart danna i 1883, melde Nilssen seg inn i Venstre. Seinare vart han boden statsrådsplass av påtroppande statsminister Johannes Steen, men avslo.
Nilssen overlet lensmannsombodet i Gjemnes til sonen i 1908. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse i St. Olavs Orden.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Bokmålswikipedia
Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Tingvoll Kategori:Ordførarar i Straumsnes Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Tingvoll