Andrés Iniesta Luján () er ein spansk fotballspelar som har spela på midtbanen for Barcelona i Primera Division og for det spanske landslaget. Han har vunne seks spanske seriemeisterskap med Barcelona (2005, 2006, 2009, 2010, 2011 og 2013), den europeiske Meisterligaen tre gonger (2006, 2009 og 2011) og VM for klubblag to gonger (2009 og 2011. Han debuterte for Spania sitt A-landslag 27. mai 2006 i ein vennskapskamp mot Russland. I 2008 var han ein viktig spelar då Spania vann fotball-EM.

Det var Iniesta som skåra 1-0-målet som gav Spania sigeren mot Nederland i finalen i VM i fotball 2010 den 11. juli 2010 i Soccer City i Sør-Afrika. Målet kom i andre ekstraomgang, i det 116ande speleminuttet. I 2012 var Iniesta med på å vinna sin tredje store meisterskap då Spania vart europameister igjen, og han vart kåra til beste spelar i turneringa.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Spanske fotballspelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018