Asamoah Gyan, () er ein ghanesisk fotballspelar som har spela i angrep for Sunderland i engelsk Premier League, og for det ghanesiske landslaget. Gyan skåra det raskaste målet som nokon gong er skåra i eit fotball-VM, då han skåra mot Tsjekkia etter 68 sekund under fotball-VM i 2006. Dette var også Ghana sitt første mål i noko fotball-VM. Gyan debuterte for Ghana sitt A-landslag 19. november 2003 mot Somalia, og skåra også i den kampen.
Kategori:Ghanesiske fotballspelarar Kategori:Udinese-spelarar Kategori:Modena-spelarar Kategori:Rennes-spelarar Kategori:Sunderland-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014