Peter Blankenborg Prydz () var ein norsk offiser og eidsvollsmann.

Prydz var fødd i Østre Aker, som son av ein offiser. Han vart sjølv offiser i nordenfjeldske infanteriregiment i 1792. År 1809 vart han kaptein og sjef for skedsmoske kompani. I 1818 vart han overført til 2. akershusiske brigade, med majors grad frå 1825.

I 1814 var Prydz utsending frå regimentet sitt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han høyrde til sjølvstendepartiet.

Prydz døydde i Skedsmo i 1827.

Kjelde Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske offiserar Kategori:Politikarar frå Oslo