thumb|Minnesmerke over Kristoffer Hoen og Frederik Schidt på Haug kyrkje i Hokksund Kristoffer Borgersson Hoen () var ein norsk gardbrukar, haugianar, eidsvollsmann og bygdehovding i Øvre Eiker i Buskerud.

Hoen var frå garden Vollestad i Eiker, som far hans dreiv. Sjølv kjøpte han garden Hoen i heimbygda i 1791 og dreiv denne. Han vart ein kjend haugianar. Jula 1797 heldt Hoen, saman med Hans Nielsen Hauge, eit oppbyggingsmøte for lokale bønder. Etter påtrykk frå soknepresten, Frederik Schmidt, prøvde lensmannen i bygda å arrestere Hauge. Nokre av bøndene sette då i verk ein avleiingsmanøver, medan Hoen hjelpte Hauge med å flykte ut av amtet.

I 1814 vart Hoen vald til utsending for Buskerud amt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Ein av dei andre utsendingane frå amtet var førnemnde Schmidt. På Eidsvoll slutta Hoen seg til sjølvstendepartiet.

Hoen var mykje involvert i å utvikle Eiker som jordbruks- og seinare industrikommune. Mellom anna var han 1810-24 styrar av bygdemagasina.

Hoen var far til Borger Kristoffersson Hoen, og farfar til Olaus Borgersen Fjerdingstad.

17. mai 1845, på dagen 31 år etter han var med å legge grunnsteinen for nyare norsk samfunnsskipnad, døydde Hoen heime på garden Vollestad.

Kjelde Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Folk frå Øvre Eiker Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Haugianarar