Cho Won-Hee, med revidert transkripsjon Jo Won-hui () er ein sørkoreansk fotballspelar som i 2010 spela for Suwon Bluewings i den koreanske K-ligaen på lån frå Wigan Athletic i engelsk Premier League, og for det sørkoreanske landslaget. Han var med på å vinna K-ligaen med Suwon i 2008. Han debuterte for Sør-Korea sitt landslag 12. oktober 2005 mot Iran, og skåra i den same kampen. Han var med i troppen til fotball-VM i 2006, utan å få spela. Han gjekk til Wigan i mars 2009 og ligadebuterte for klubben i den siste kampen i 2008/09-sesongen mot Stoke City. I januar 2010 gjekk han på lån til Suwon Bluewings for eitt år.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sørkoreanske fotballspelarar Kategori:Wigan-spelarar