Álvaro Daniel Pereira Barragán () er ein uruguayansk fotballspelar som har spela for São Paulo i den brasilianske fotballigaen på lån frå Inter i italiensk Serie A, og på Uruguay sitt landslag. Han vart seriemeister i Portugal for Porto i 2011 og 2012 og var med på å vinna Europaligaen med Porto i 2011. Same året var han òg med på å vinna Copa América med Uruguay.
Pereira debuterte for Uruguay sitt A-landslag 19. november 2008 i ein vennskapskamp mot Frankrike. Han spelte fast på landslaget på slutten av kvalifiseringa til fotball-VM i 2010, inkludert dei to avgjerande kvalifiseringskampane mot Costa Rica.
Kategori:Uruguayanske fotballspelarar Kategori:Cluj-spelarar Kategori:Porto-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014