Jektvika eller Jektvik er ei bygd og ein ferjestad som ligg langs kystriksvegen på sørsida av fjorden Værangen i Rødøy kommune i Nordland. Bygda er eit knutepunkt som ligg sentralt i kommunen, og har eigen barnehage og skule, grendehus og kafé. Bygda har òg eigen butikk. Denne gjekk konkurs i 2009,Yngve Brox Guldbjørnsen for Meløyavisa, 18.06.09: Jektvik handel konkurs men skifte eigar og starta så opp att.

Når ein køyrer langs kystriksvegen er ein avhengig av ferja Jektvik-Kilboghamn for å koma seg vidare, så denne ferjestrekninga kan vera sterkt trafikkert sommarstid. Ferja kan òg leggja til kai ved Bygda Sørfjorden på denne overfarten. Jektvik har òg ferjesamband til diverse øyar i kommunen; det går nesten dagleg ferje til Gjerøya, Rødøy, Selsøyvik, Storselsøy og Nordnesøy herifrå.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Nettsidene til Rødøy Kommune. Rutetidene til Torghatten Nord frå Jektvik. Heimesida til Jektvik Skole

Kategori:Geografi i Rødøy Kategori:Bygder i Nordland