Austefjellet (òg kalla Austlirinden og Austrerinden) er eit fjell i Bergen kommune i Vestland, like vest for Gullfjellet. Fjellet har ei høgd på 808 meter over havet. Stundom vert fjellet rekna som ein del av Gullfjellet. Austefjellet ligg på varderekkja frå Gullbotn til Totland, og toppen er markert med ein av vardane.
Austefjellet har ein primærfaktor mot Gullfjellet på 239 meter. Sadelpunktet ligg nær Redningshytten.
Referansar
Kjelder Norgesglasset
Kategori:Fjell i Bergen