Turakoar er fuglar i den biologiske familien Musophagidae, bananetarar, tidlegare òg kalla hjelmfuglar. Leveområdet er Afrika sør for Sahara. Dei 23 mellomstore artane i denne familien har halvt zygodaktyle føter: dei to ytre tærne kan rettast framover eller bakover. Tå nummer to og tre, som alltid peikar framover, kan vere samanvaksne hos somme artar. Turakoar har ofte tydelege fjørkammar på hovudet og lange halar, og er kjent for særeigne og heilt unike pigment som gjev dei lyse grøne og raude fjør.

Tradisjonelt har denne gruppa vore plassert saman med gaukar i ordenen gaukefuglar, men i Sibley-Ahlquist-taksonomi er gruppa løfta opp til ein orden Musophagiformes, denne nye inndelinga er nytta i lista til International Ornithological Congress, IOC-lista. Gill, F. & D. Donsker (Eds) 2010. IOC World Bird Names (version 2.4) 9. april 2010

Skildring Turakoar er mellomstore fuglar, endemiske for Afrika sør for Sahara, der dei lever i habitat av skog og savannar. Dei har ei lengd på 35-75 centimeter, kjempeturako, Corythaeola cristata, måler 70–75 cm og er største familiemedlemmen. Samanlikna med resten av kroppen er vengene små og mykje mindre enn halen. Turakoar har ti halefjør og eit kort, skarp nebb. Somme artar har nebb med sagforma kant. Kjønna er like hos dei fleste artar, unnataket er kvitbukturako, Corythaixoides leucogaster, der hannen har svart nebb og hoa har olivengrønt. Dei er svake flygarar, men spring fort på skogbotnen. Føda er frukt og i mindre grad blad, knoppar og blomar, nokre gonger små insekt, sniglar, og motsetnad til kva namna peikar mot, et dei vanlegvis ikkje bananar.

Dei er selskaplege fuglar som ikkje migrerer. Mange artar er støyande, artane i slekta Corythaixoides kalla 'gå-vekk-fuglar' på engelsk språk, er spesielt kjente for sine gjennomtrengande varselrop. Ropa varslar òg andre om rovdyr eller jegerar. Turakoar byggjer store pinnereir i trea, og legg to eller tre egg. Ungane har tjukk dunkleding og har opne eller nesten opne auge ved klekking.

Dei fem artane i Crinifer og Corythaixoides er hovudsakleg gråe og kvite. Dei andre er derimot fargerike fuglar, som regel blåe, grøne eller lilla. Den grøne farga hos turakoar kjem av turacoverdin, det einaste verkelege grøne pigment ein veit om hos fuglar. Grønfarga hos andre fuglefamiliar kjem av eit gult pigment slik som til dømes karotenoid fargestoff, kombinert med fysisk struktur i fjøra som spreier lys.

Artslista mini|høgre|Angolaturako, Tauraco erythrolophus mini|høgre|Blåkroneturako, Tauraco hartlaubi Turakoar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Slekt Corythaeola Kjempeturako, Corythaeola cristata, Great Blue Turaco, LC, Vieillot, 1816

Slekt Tauraco Fiolettvengturako, Tauraco persa, Guinea Turaco, LC, Linné, 1758 Grønturako, Tauraco livingstonii, Livingstone's Turaco, LC, Gray, 1864 Toppturako, Tauraco schalowi, Schalow's Turaco, LC, Reichenow, 1891 Natalturako, Tauraco corythaix, Knysna Turaco, LC, Wagler, 1827 Svartnebbturako, Tauraco schuettii, Black-billed Turaco, LC, Cabanis, 1879 Kvithovudturako, Tauraco leucolophus, White-crested Turaco, LC, Heuglin, 1855 Raudnakketurako, Tauraco fischeri, Fischer's Turaco, NT, Reichenow, 1878 Blåvengturako, Tauraco macrorhynchus, Yellow-billed Turaco, LC, Fraser, 1839 Kamerunturako, Tauraco bannermani, Bannerman's Turaco, EN, Bates, 1923 Angolaturako, Tauraco erythrolophus, Red-crested Turaco, LC, Vieillot, 1819 Blåkroneturako, Tauraco hartlaubi, Hartlaub's Turaco, LC, Fischer & Reichenow, 1884 Kvitøyreturako, Tauraco leucotis, White-cheeked Turaco, LC, Rüppell, 1835 Bleikkroneturako, Tauraco ruspolii, Prince Ruspoli's Turaco, VU, Salvadori, 1896 Purpurkroneturako, Tauraco porphyreolophus, Purple-crested Turaco, LC, Vigors, 1831

Slekt Ruwenzorornis Regnbogeturako, Ruwenzorornis johnstoni, Ruwenzori Turaco, LC, Sharpe, 1901

Slekt Musophaga Fioletturako, Musophaga violacea, Violet Turaco, LC, Isert, 1789 Raudtoppturako, Musophaga rossae, Ross's Turaco, LC, Gould, 1852

Slekt Corythaixoides Masketurako, Corythaixoides personatus, Bare-faced Go-away-bird, LC, Rüppell, 1842 Gråturako, Corythaixoides concolor, Gray Go-away-bird, LC, Smith, 1833 Kvitbukturako, Corythaixoides leucogaster, White-bellied Go-away-bird, LC, Rüppell, 1842

Slekt Crinifer Flekkturako, Crinifer piscator, Western Plantain-eater, LC, Boddaert, 1783 Sotturako, Crinifer zonurus, Eastern Plantain-eater, LC, Rüppell, 1835 Kjelder Denne artikkelen bygger på «Turaco» frå , den 9. april 2010.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Videoar, bilete og lydopptak av turkoar hos Internet Bird Collection.

Kategori:Gaukefuglar Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen