Svein Borkhus () er ein norsk politikar som representerte Arbeidarpartiet og var ordførar i Alvdal kommune frå 1999 til 2007 og frå 2011 til 2015.Tore Rasmussen Steien (2. oktober 2015): Hyllet irriterende Jarle. Østlendingen
Han vart vald som ordførar i Alvdal kommune i Hedmark fylke etter valet i 1999. Etter to periodar som ordførar takka han nei til å stille til omval gjekk over til fylkespolitikken og frå oktober 2007 til 2011 var han medlem av fylkesrådet i Hedmark, med ansvar for miljø og samferdsel. Ved valet i 2011 gjekk han attende til kommunepolitikken og han vart igjen vald til ordførar i Alvdal.
Borkhus sat i kommunestyret i Alvdal frå 1988 til 2015.
Kjelder
Kategori:Ap-ordførarar i Hedmark Kategori:Ordførarar i Alvdal