David Nielsen () er ein dansk fotballspelar og -trenar. Han spelte for norske Brann ut 2010-sesongen, då han la opp som toppfotballspelar. Sidan har han vore spelar og trenar i Fyllingen, assistenttrenar i Løv-Ham og, frå sommaren 2011, trenar i Nest-Sotra Fotball.NRK.no, 14.07.11: David Nielsen blir trener i 2. divisjon
Karriere som spelar Nielsen starta karrieren i Skagen på aldersbestemte lag. Angriparen har spelt ei rekkje aldersbestemte landskampar for Danmark. U-16 3 kamper, 3 mål U-17 21 kamper, 14 mål U-19 18 kamper, 13 mål U-21 4 kamper, 3 mål
Frå hausten 2006 til sommaren 2007 spelte Nielsen for IK Start. Etter dette gjekk han til Odense Boldklub før han vart lånt ut til Strømsgodset for 2008-sesongen.
SK Brann Den 26. januar 2009 vart det klart at Nielsen hadde signert ein halvtanna års kontrakt med Sportsklubben Brann. Brann-spissen Demba-Nyrèn signerte for OB og Odense betalte eit beløp som i pressen vart hevda å vere mellom 7-8 millionar. I avtalen låg òg ein overgang for David Nielsen. David Nielsen speler med draktnummer 10 i Brann.
Under ein heimekamp mot Stabæk den 22. mars 2009 kolliderte Nielsen med medspelar Karadas, og vart liggjande blødande på banen. Episoden skapte litt kontrovers, då Nielsen ville tilbake på banen og Brann-legane tillet dette, sjølv om dansken enda på sjukehus etter kampen.
Utanomsportsleg På starten av 90-talet var David Nielsen forsongar i rockbandet Concrete Puppet Frog, som seinare vart til moi Caprice. Nielsen har i sine tidlegare klubbar vore innblanda i ein del bråk. Han har vorte sikta av Politiet for å ha slått ned Viking-spelaren Allan Gaarde i 2004, under ei trening der dei begge spelte saman i Aalborg
Hausten 2008 skapte han stor kontrovers med sjølvbiografien sin Sorte svin der han mellom anna innrømmer at han med vilje prøvde å tape ein kamp mot FC Københamn. Tap i den kampen ville føre til at FCK vart seriemeistrar og klubben Aalborg, som Nielsen spelte for, ville sikrast ein plass i UEFA-cupen som følgje av at dei hadde tapt den danske cupfinalen for FCK same sesong. David Nielsen var etter eige utsegn i pengeproblem på denne tida og ein plass i UEFA-cupen ville gjeve han ein bonus på 300 000 danske kroner. Desse innrømmingane førte mellom anna til at klubben hans Odense ikkje ønskte han tilbake etter utlånet i Strømsgodset.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «David Nielsen» frå , den 4. mai 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:Odense-spelarar Kategori:Lyngby-spelarar Kategori:Fortuna Düsseldorf-spelarar Kategori:FC København-spelarar Kategori:Wimbledon-spelarar Kategori:Grimsby-spelarar Kategori:Norwich-spelarar Kategori:Aalborg-spelarar Kategori:Midtjylland-spelarar Kategori:Start-spelarar Kategori:Strømsgodset-spelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Norske fotballtrenarar Kategori:Folk frå Frederikshavn