Birkir Már Sævarsson () er ein islandsk fotballspelar som i 2026 spela for KH. Han har tidlegare spelt for det islandske landslaget.

SK Brann kjøpte han for 1,3 millionar norske kroner av Valur sommaren 2008. Han har òg etablert seg på det islandske landslaget. Sævarsson kan spele både høgreback og -kant, og vert rekna som ein rask spelar. På Brann har han òg spelt noko venstreback. Onsdag 16. juli signerte Birkir Már Sævarsson kontrakten som gjorde han til Brann-spelar ut 2011. Den 23 år gamle høgrebacken kjem som Armann Björnsson frå klubben Valur. Reykjavik-klubben har vunne 20 seriemeisterskap på Island og har òg vore cupmeister ni gonger.

Sævarsson fekk debuten sin i Brann-trøya heime mot Hamkam 2. august 2008. Han har stort sett spelt fast på førstelaget til Brann i både 2009-, 2010- og 2011-sesongen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Birkir Már Sævarsson» frå , den 3. mai 2010.

Fotnotar

Kategori:Islandske fotballspelarar Kategori:Valur-spelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Hammarby-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018