Jacob van Eyck (fødd kring 1590. død 26. mars 1657) var ein nederalandsk adelsmann og musikar. Han er ein av dei best kjende musikarane i Nederland på 1600-talet som klokkespelar, og ein ekspert i klokkestøyping og stemming. I tillegg var han organist, ein blokkfløytevirtuos og komponist

Van Eyck var fødd blind i ein adelsfamilie i den vesle byen Heusden. I 1625 reiste han heimefrå og vart klokkespelar i Domtårnet i Utrecht, i 1628 vart han direktør for klokkespelet i Utrecht. René Descartes, Isaac Beeckman og andre vitskapsmenn hylla kunnskapen hans innan akustikk, klokkestøyping og stemming og klokkespelar kom til Utrecht for å studere hos han.

Jacob van Eyck komponerte Der Fluyten Lust-hof (Fløytas lysthage). Utgåver av dette verket kom ut i 1644, 1646, 1649, 1654 og 1656. Der Fluyten Lust-hof er ei særs omfattande samling med solostykke for sopran blokkfløyte. Stykka er varierte og inneheld folkesongar, dansemelodiar, kyrkjeverk, salmar og songar for dagen. Sjølv i dag er desse forholdsvis utfordrande for ein dyktig blokkfløytist.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jacob van Eyck» frå , den 2. mai 2010.

Bakgrunnsstoff Internet side om Jacob van Eyck og Der Fluyten Lust-hof

Kategori:Fødde i 1590-åra Kategori:Døde i 1657 Kategori:Klokkespelarar Kategori:Nederlandske komponistar Kategori:Nederlandske fløytistar Kategori:Nederlandske musikarar Kategori:Nederlandsk adel Kategori:Barokkomponistar Kategori:Blinde musikarar Kategori:Personar frå Utrecht