Te Deum (H. 146) i D-dur er ein storslått polyfon motett av Marc-Antoine Charpentier mellom 1688 og 1698, medan han var musikalsk direktør i jesuitt-kyrkja Saint-Louis i Paris. ISMN M-0006-52543-0 Verket er skriven for ei gruppe solistar, kor og instrumentalt akkompagnement.

Charpentier skreiv seks Te Deum-settingar, men berre fire av dei finst att i dag. Ein trur at komposisjonen har vorte framført for å markere sigersfeiringa etter slaget ved Steinkirk i august 1692. Preludiet til verket er særs kjend i Europa, sidan det vert nytta som kjenningsmelodi i sendingane til Den europeiske kringkastingsunionen. Temaet er òg nytta som introduksjon til The Olympiad-filmane til Bud Greenspan.

Struktur Komposisjonane består av ti satsar: Prélude Te Deum laudamus Te aeternum Patrem Pleni sunt coeli et terra Te per orbem terrarum Tu devicto mortis aculeo Te ergo quaesumus Aeterna fac sum Sanctis tuis Dignare, Domine Fiat misericordia tua In te, Domine, speravi

Charpentier såg på D-dur som «lystig og særs krigsliknande». Den instrumentale introduksjonen, komponert i rondo-form, kjem før det første verset, leia av bassolistar. Koret og andre solistar kjem gradvis inn.

Instrumentering Verket er instrumentert for åtte solistar og kor med ein fiolin, to bratsjar, violon, fløyte, obo og fagott. Generalbassen vert spelt på orgel, men gambe vert stundom nytta òg.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Te Deum (Charpentier)» frå , den 1. mai 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikkverk av Marc-Antoine Charpentier