Vágar er den tredje største av dei 18 øyane som utgjer øygruppa Færøyane. Ho har ei flatevidd på 177,6 km² og 2 782 innbyggjarar (31. desember 2002). Her finn ein den internasjonale (og einaste) flyplassen på Færøyane.
Geografi
mini|venstre|Utsyn mot Vágar, sett frå Streymoy
Vágar ligg vest for hovudøya Streymoy og har sidan 2002 hatt vegsamband med Streymoy gjennom den fire kilometer lange Vágartunnelen. Denne tunnelen er det hittil mest prestisjefylte byggjeprosjektet i færøysk historie og har gjort reisetida mellom flyplassen og hovudstaden stuttare.
Vest for Vágar ligg Tindhólmur og fugleparadiset Mykines. Dei to største vatna på Færøyane ligg på Vágar; Sørvágsvatn og Fjallavatn.
Høgste fjellet på øya er Árnafjall på 722 moh.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Designphoto.fo - 360°-Panorama Sørvágsfjørður (Java-applet)
Kategori:Færøyske øyar