mini|300px|Slaget på Santo Domingo, eit måleri av January Suchodolski som viser ein kamp mellom dei polske troppane i fransk teneste og dei haitiske rebellane Den haitiske revolusjonen (1791–1804) var ein periode med store konfliktar som omfatta det einaste slaveopprøret i Amerika som slavane har gått sigrande ut av. Resultatet vart at Haiti vart oppretta, som den fyrste sjølvstendige republikken som var styrt av ikkje-kvite. I tida før revolusjonen var Haiti ein fransk koloni og heitte Saint-Domingue.

Gjennom revolusjonen frigjorde afrikanarar og personar med afrikansk opphav seg frå fransk kolonisering og slaveri. Sjølv om det fann stad mange slaveopprør på denne tida, var det berre revolusjonen på Saint-Domingue i 1791 og utover som var framgangsrik nok for å frigjere ei heil øy.«A Brief History of the Caribbean» av Jan Rogozinski (New York: Facts on File, Inc., 1999 – Revised Edition), s. 85, 116–118, 133, 158, 164–167 og 169.

Haiti gjekk frå å vere ein fransk koloni til ein sjølvstyrt stat gjennom ein prosess som sette djupe spor etter seg. Systemet som dei franske slaveeigarane etablerte, innebar vald og truslar for å få opp effektiviteten. Dette valdsbaserte systemet overlevde revolusjonen og heldt fram i den nyfødde republikken, ettersom ein kvit elite tok den politiske og økonomiske makta.«Haiti: Historical Setting» på Kreyol.com.

Historikarar har tradisjonelt rekna ein voodooseremoni i august 1791 med Dutty Boukman som den utløysande årsaka til revolusjonen,«Prelude to the Revolution: 1760 to 1789 » by Bob Corbett. men eigentleg var bakgrunnen for opptøyane meir kompleks enn som så.

Kjelder «Haitiska revoutionen» på Wikipedia på svensk, innhenta 23. april 2010.

Referansar

Revolusjon Haiti Kategori:Slaveopprør Kategori:Revolusjonar på 1800-talet Kategori:Konfliktar i 1790-åra Kategori:Konfliktar i 1800-åra Kategori:Den franske revolusjonen Kategori:Sjølvstendekrigar