Johan Collett () var ein norsk embetsmann og stortingsmann.
Collett var fødd i Prestø på Sjælland i Danmark. Han vart cand. jur. i 1793. Arbeidde i åra 1796-1802 i det danske rentekammeret. Frå 1802 var han fut i Buskerud, 1814 utnemnd til amtmann i same. Han var amtmann der til han døydde.
Collett var utsending frå Buskerud amt på riksforsamlinga i 1814. På Eidsvoll var han ein av dei fremste talsmennene for sjølvstendepartiet. Han vart vald til stortingsrepresentant fire gongar. Fyrste gongen til det overordentlege storting 1814, der han var medlem av Lagtinget og var med i tre komitear. Neste gongen, 1818, var han visepresident i Lagtinget. Han var då medlem i 15 komitear, formann i ti av dei. Mellom anna var han formann i komiteen om bank- og pengevesenet. År 1824 sat han på Stortinget for tredje gong. Han var då formann i komiteen om jordbruk og fedrift, og i komiteen om kjøpstadskatten. Også på det neste stortinget, 1827, var han formann i jordbruk og fedrifts-komiteen, samt komiteen og berg- og skogvesen. Som i 1818 var han visepresident i Lagtinget.
Johan Collett døydde i Kristiania under stortingssamlinga i 1827, og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund. Han var bror av Jonas Collett og far til Peter Jonas Collett.
Collett var innehavar av Vasaordenen og Nordstjerneordenen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K side 175-176, digital utgåve
Bakgrunnsstoff Slektstreet til Johan Collett på Geni.com
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar 1814 Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Buskerud Kategori:Vasaordenen Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund