Bacary Sagna () er ein fransk fotballspelar med senegalesisk opphav. Han har spela for Manchester City i engelsk Premier League, og for det franske landslaget.

Sagna spelte alle Frankrike sine tre kampar under fotball-VM i 2010. Under VM i 2014 var han igjen med i troppen og spelte då éin av Frankrike sine kampar.

Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Auxerre-spelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016