Der Geist hilft unser Schwachheit auf, BWV 226, er ein motett komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1729 for gravferda til Johann Heinrich Ernesti, som var ein eldre rektor ved Thomasschule i Leipzig. Gravferda fann stad 20. oktober. Bach hadde eit godt forhold med Ernesti, som var 70 då Bach starta på posten sin ved Thomasschule i 1723, og han komponerte ein av dei finaste motettane sine for rektoren.

Teksten er henta frå Paulus’ brev til romarane 8: 26-27 og Martin Luther (1524).

Koraltemaet er basert på salmen «Komm, Heiliger Geist, Herre Gott». Denne melodien av ein ukjend komponist er datert til 1400-talet og er kanskje knytt til melodien til salmen «Adesto, sancta spiritus» av Marchetto di Padua frå kring 1270. Han kom først på trykk i den noverande forma si i Geystliche Gesangk Buchleyn (redigert av Johann Walter) i Wittenberg i 1524 i lag med fleire verds skrivne av Martin Luther.

Instrumentering og struktur

Stykket er instrumentert for to oboar, engelsk horn, fagott, to fiolinar, bratsj, fiolonsell og basso continuo (+ violone), samt åttedelt kor (SATB, SATB).

Det består av fire satsar:

«Der Geist hilft unser Schwachheit auf» «Sondern der Geist selbst vertritt uns aufs beste» «Der aber die Hersen forschet, der weiss» «Du heilige Brunst, süßer Trost»

Kjelder

Bakgrunnsstoff

BWV 226 på bach-cantatas.com

Kategori:Musikk i 1729 Kategori:Motettar av Johann Sebastian Bach