Einar Enger () er ein norsk næringslivsleiar som har vore direktør for NSB og Tine BA og styreleiar for Felleskjøpet.
Enger er utdanna agronom ved Landbrukshøgskulen på Ås og arbeidde innanfor Landbrukssamvirket før han vart direktør i NSB i 2001. Han var direktør i Tine BA frå 1995 til 2001 og har arbeidd i leiinga i Fellesmeieriet og Gilde.
Enger blei direktør i NSB etter Osmund Ueland i 2001. 17. november 2010 blei det gjort kjend at Enger skulle gå av som konsernsjef i NSB.Einar Enger går av i NSB, vg.no På årsmøtet til Felleskjøpet i april 2011 blei han vald som ny styreleiar etter Steinar Dvergsdal.
12. august 2011 blei Enger utnemnd til medlem av 22. juli-kommisjonen i statsråd.Offisielt fra statsråd 12. august 2011, regjeringen.no. Besøkt 12. august 2011.
Kjelder
Fødselsdato frå Store Norske Leksikon om Enger.
Kategori:Norske næringslivsleiarar Kategori:Studentar ved Noregs landbrukshøgskule Kategori:Norske agronomar