Vergnügte Ruh', beliebte Seelenlust, BWV 170, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1726 for den attande sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt i perioden 1746-1747 i Leipzig. Det er ein av berre tre kantatar Bach komponerte for berre ein enkelt songsolist.
Teksten er skriven av Georg Christian Lehms.
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for obo d’amore, to fiolinar, bratsj, orgel obbligato og basso continuo, samt ein songsolist (alt).
Det består av fem satsar:
«Vergnügte Ruh', beliebte Seelenlust», Arie for alt «Die Welt, das Sündenhaus», Resitativ for alt «Wie jammern mich doch die verkehrten Herzen», Arie for alt «Wer sollte sich demnach wohl hier zu leben wünschen», Resitativ for alt «Mir ekelt mehr zu leben», Arie for alt
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Piano- og songpartitur for BWV 170 på bach-cantatas.com
Kategori:Musikk i 1726