Matz Sandman () i Ballangen er ein norsk offentleg tenestemann og tidlegare politikar frå Arbeidarpartiet, utdanna siviløkonom frå NHH.

Han var statsråd og barne- og familieminister i Gro Harlem Brundtland si tredje regjering i vel eitt års tid, frå 3. november 1990 til 14. november 1991. Han vart dermed den første statsråden i Barne- og familiedepartementet, oppretta 1. januar 1991 for ein stor del på grunnlag av Familie- og forbrukardepartementet, som då vart lagt ned. Frå 3. november 1990 til 31. desember 1990 var Matz Sandman såleis statsråd i Familie- og forbrukardepartementet.

Sandman var fylkesrådmann i Buskerud fylkeskommune frå 1996 og fram til han vart pensjonist i januar 2010. Han har tidlegare vore rådmann i kommunane Andøy, Tromsø og Bærum. I ein periode rett etter at han var ferdig med utdanninga var han økonomisjef i Club 7 i Oslo.

Bibliografi 1999 95 teser for godt lederskap med forklaringer (saman med Odd Nordhaug) ISBN 82-456-0820-3 2001 Matz mener- Ti år som spaltist i Kommunal rapport ISBN 82-446-0769-6 2001 Lederens Katekismus (Børsens Forlag i København, saman med Odd Nordhaug) ISBN 87-7553-881-4 2006 Lederens bok (saman med Odd Nordhaug) ISBN 82-92735-09-7

Kjelder

Kategori:Norske barne- og familieministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Brundtland III Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Norske siviløkonomar Kategori:Rådmenn Kategori:Folk frå Ballangen