Wincents Lassen Giørges Sebbelow () var ein dansk-norsk offiser, forretningsmann, stortingsmann og forfattar. Han var medlem av jakobinarpartiet. Liv og gjerning Sebbelow var fødd i Danmark. I 1788 vart han fenrik ved fynske infanteriregiment, og tok avskjed tre år seinare med løytnants grad. I 1792 tok han juridisk eksamen. Han budde ei tid i England og i 1796 i Bergen. Deretter gifta og slo han seg ned i Kristiansand,Digitalarkivet 1801-telling for 1001 Christiansand der han tok til å drive handel.

Ved stortingsvalet for Kristiansand i 1818 vart Sebbelow samrøystes vald til 1. representant. På tinget var han medlem av femten komitear, mellom anna var han formann i komiteen om bankmennene sitt ansvar og likninga i Kristiansands stift. Kring pengestellet stod det mykje strid på 1818-stortinget. Sebbelow samla opposisjonen mot Wedel sin anti-inflasjonspolitikk. Han tala for ein politikk der ein auka setelmengda og gav større kreditt. Planen sanka mykje støtte på det kriseramma austlandet, utan å sanke fleirtal på tinte.Sejersted, Francis:Den vanskelige frihet s. 44f, Bind 10 av Norges Historie,1978

Til Stortinget 1821 var han i fyrste omgang vald til 1. varamann, men rykte opp då den valde representanten melde forfall. Valet vart deretter forkasta. Ved nytt val vart han 2. representant, eit val som vart godkjent fyrst 6. mars med 55 mot 22 stemmer. Vala på Sebbelow vart møtt med stor motstand, mellom anna vart det lagt fram prov at han ei rekke gonger var bøtelagd for injuriar. Sågar hadde han i høgsterett fått stadfesta ei bot på 1600 kr. På Stortinget var han formann i fire komitear, ein av dei gjaldt etablering av marinebase i Horten. Han var og til stades på det overordentlege Stortinget 1822.

År 1821 vart Sebbelow utnemnd til landkrigskommisær i vestre sønnafjellske distrikt, etter påtrykk frå kongen.

Forfattaren Sebbelow er særleg kjend for skriftet Forslag til strax at afhjælpe det Norske Folks Nød, Frygt og Pengetrang, ved uopholdelig at give det tilbage Alt, hvad det har været aftvunget til den tvugne Banks Fond og siden at gjøre det stort og lykkeligt ved et stadigt Pengevæsen og en forbedret Agerdyrkning m.m.. Skriftet vart trykt i Kristiania i 1818, og medverka til å gje Sebbelow ei framståande rolle på Stortinget det året.

Sebbelow døydde i Larvik.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Fotnotar

Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kristiansand Kategori:Folk frå Langeland