Ich bin vergnügt mit meinem Glücke, BWV 84, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1727 for niande sundag før påske, den 9. februar.
Teksten er henta frå Ämilie Juliane von Schwarzburg-Rudolstadt (femte sats) og truleg Christian Friedrich Henrici (Picander) for resten.
Koraltemaet er basert på salmen «Wer nur den lieben Gott läßt walten» publisert av Georg Neumark i hans Fortgepflantzter Musikalisch-Poetischer Lustwald i Jena i 1657. Opphavet til teksten og musikken kan sporast attende til Kiel i 1641.
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for obo, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt ein sopransolist og firedelt kor.
Det består av fem satsar: «Ich bin vergnügt mit meinem Glücke», Arie for sopran «Gott ist mir ja nichts schuldig», Resitativ for sopran «Ich esse mit Freuden mein weniges Brot», Arie for sopran «Im Schweiße meines Angesichts», Resitativ for sopran «Ich leb indes in dir vergnüget», Koral
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Piano- og songpartitur for BWV 84 på bach-cantatas.com
Kategori:Musikk i 1727