Colt Crag-reservoaret er eit relativt grunt reservoar i Northumberland i England ved A68-vegen. Det ligg 14 km nord for Corbridge.

Historie Reservoaret vart bygt på slutten av 1800-talet for Newcastle og Gateshead Water Company. Reservoaret er ei rekkje reservoar langs A68 knytt saman av tunnelar og akvedukter frå Catcleugh-reservoaret til Whittle Dene. Desse er drikkevasskjelde for Newcastle upon Tyne, Gateshead og områda rundt.

Plante- og dyreliv Rundt det meste av reservoaret er det gamle barskogplantasjar, men det finst òg bjørk og bøk her.

Toppdykkarar hekkar ved reservoaret og det er ein koloni på 20-30 taksvale som kjem attende år etter år. I tillegg finn ein gjøk, heipiplerke, buskskvett og steinskvett.

Det er grevling i området om sommaren.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Colt Crag Reservoir» frå , den 30. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Reservoar i England Kategori:Innsjøar i Northumberland