Derwentwater eller Derwent Water er ein av dei største innsjøane i Lake District nasjonalpark i Nordvest-England. Han ligg i Allerdale i Cumbria.
Innsjøen dekkjer delar av Borrowdale og ligg like sør for byen Keswick. Elva Derwent renn gjennom innsjøen. Han er om lag 4,5 km lang, 1,5 km brei og har eit areal på 5 km². På det djupaste er han 22 meter. Det ligg fleire øyar i innsjøen og ei av desse er busett. Derwent Island House er ein bustad frå 1700-talet og eigd av National Trust i dag.
mini|venstre Derwentwater er omringa av vakker natur med åsar (lokalt kalla fell) og mange av åssidene ned mot Derwentwater er skogkledde. Det går ein passasjerbåt på innsjøen. Fotturar i området kring innsjøen er òg populært.
Vegen Keswick—Borrowdale går langs austsida av innsjøen. Derwentwater gav namn til jarldømet Derwentwater.
Øyar i Derwentwater
Det er fleire øyar i Derwentwater, dei største av desse er Derwent Island, Lord's Island, St Herbert's Island, Rampsholme Island og Otterbield Island. St Herbert's Island har namn etter den heilage eremitten Herbert av Derwentwater.
Panoramabilete
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Derwent Water» frå , den 30. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Innsjøar i Cumbria Kategori:Lake District