Silent Pool er ein innsjø som får vatn frå ei kjelde på sørsida av North Downs Way nær Albury i Surrey i England. I området er det to innsjøar. Silent Pool er den høgastliggande av desse, medan den andre heiter Sherbourne PondMegalithic article og vart skapt i 1662. Silent Pool har langt eldre opphav og vert av somme rekna som ein heilag stad. Han er knytt til ei segn som seier at kong Jakob på hesten sin bortførte dottera til ein tømmerhoggar. Ho vart tvungen ut i det djupe vatnet og drukna. I følgje segna kan ein sjå kvinna ved midnatt.

Geologi Silent Pool har fått namnet sitt etter det klåre, stille vatnet og den rolege kjensla i området. Det klåre vatnet kjem frå ei kjelde under bakken, der vatnet er filtrert i kalksteinen og får tilført mineral. Dette forklarar den blågrøne fargen på vatnet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Silent Pool» frå , den 29. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Bilete ved albury.org.uk

Kategori:Geografi i Surrey Kategori:Innsjøar i England